Etter konkurranselova er det forbode å gjennomføre fusjonar og oppkjøp som er meldepliktige, før Konkurransetilsynet har behandla saka. Plantasjen Norge AS, YIT AS og Multiconsult AS har no fått gebyr på høvesvis 250 000, 225 000 og 125 000 kroner for å ha brote dette forbodet.
– Konkurransetilsynet ser alvorleg på brot på gjennomføringsforbodet. Slike lovbrot blir sanksjonerte med gebyr, seier juridisk direktør Håkon Cosma.
– Etter lova kan gebyret utgjere inntil 10 prosent av omsetninga til selskapet. Storleiken på gebyret vil byggje på ei konkret vurdering i kvar einskild sak, seier Cosma.
Bakgrunnen for gjennomføringsforbodet er at Konkurransetilsynet skal kunne utføre kontroll med fusjonar og oppkjøp på ein effektiv måte. Forbodet inneber at alle gjennomføringstiltak må vente til føretakssamanslutninga er behandla av tilsynet.
Kort om dei tre sakene
Plantasjen Norge AS braut gjennomføringsforbodet i samband med føretakssamanslutninga mellom Plantasjen og Mandal Hagesenter AS hausten 2010, og må betale eit gebyr på 250 000 kroner.
YIT AS braut gjennomføringsforbodet i samband med føretakssamanslutninga mellom YIT og Haug og Ruud AS våren 2010, og må betale eit gebyr på 225 000 kroner.
Multiconsult AS braut gjennomføringsforbodet i samband med føretakssamanslutninga mellom Multiconsult og Industriplan AS vinteren 2010, og må betale eit gebyr på 125 000 kroner.