Dei tre elevane, Johannes Fiskerstrand, Christoffer Zeil og Sondre Sedal går på vg1 elektro ved Slåtthaug.

– Det er fleire i klassen som er interessert i det nye tilbodet om utdanning til kuldemontør. Vi tenkte å gå vidare innan elektro, men ser no at det er andre muligheiter som er spennande. Dette er framtidsretta, seier Johannes Fiskerstrand, Christoffer Zeil og Sondre Sedal.

LargeImage.jpeg

Både Slåtthaug videregående skole og bransjen er glade for det nye tilbodet som er svært etterpurt: Kontaktlærar Bjørn Frostad Solberg (f.v.), avdelingsleiar Thora Stendal, assisterande rektor Stig Haldorsen og regionleiar Oddmund Iversen i Carrier Refrigiation Norway AS, som har vore ein pådrivar for utdanninga. Foto: Bjarte Brask Eriksen

 

Svært ettertrakta

Tidlegare serviceleiar i Bravida, Bjørn Frostad Solberg, er tilsett som kontaktlærar og faglærar for den nye utdanninga på Slåtthaug.

– Dette er ein svært ettertrakta utdanning. Teknologien endrar seg fort, og det er stort behov for fagfolk. Utdanninga er gull verdt. Dei kan få jobb som kuldemontørar kvar som helst i verda, offshore og til med i Australia, seier Bjørn Frostad Solberg.

Unikt samarbeid

Assisterande rektor Stig Haldorsen fortel at skulen har inngått eit unikt samarbeid med bransjen.

– Vi startar med ein klasse på 15 elevar. Bransjen har så stort behov for lærlingar at dei garanterer læreplass til alle elevane vi skal ta inn på utdanninga. Vi skal gje eit tilbod som er så attraktivt som mogeleg, og vi får eit utruleg fruktbart samarbeid mellom bransjen og skulen, seier Haldorsen.

Gøy å starte noko som er nytt og aktuelt

Thora Stendal er avdelingsleiar på elektro, som har ansvar for den nye utdanninga.

– Vi gler oss til å få dette tilbodet i gang. Det er gøy å starte noko som er nytt og aktuelt. Fylkeskommunen tok kontakt med oss om denne utdanninga. Bransjen har pressa på, og rett før jul var det klart. No skal vi gjere utdanninga kjent, vi skal snakke med elevar på andre skular og presentere oss. Elevar frå heile fylket kan søke, seier Stendal.

Veldig stort behov for fagfolk

Regionleiar Oddmund Iversen i Carrier Refrigiation Norway AS er glad for at firmaet igjen kan få lærlingar frå fylket.

Dette er eit stort amerikansk firma med avdelingar over heile Noreg innan kjøl, varme og frys og 70 tilsette kjølemontørar. Alle har kvar sin servicebil og dei jobbar mot industri, butikkar, hotell, skular, sjukehus og tannlegekontor, etc.

– Det er eit veldig stort behov for fagfolk. Hordaland fylkeskommune hadde utdanninga til 2011, men då vart den lagt ned. I alle år har vi stått på barrikadane for å få utdanninga tilbake. Den har vore eit stort sakn. Lærlingane vi har tatt inn, har fått utdanning andre stader i landet. I vårt firma har vi hatt 22 lærlingar sidan 2001. No er vi glade for at vi kan få lærlingar lokalt igjen, seier Iversen.

Skal utvide og tilsette fleire

Regionleiaren fortel at dei skal utvide og tilsette fleire.

– Oppdragsmengda vår er sterkt aukande, og behovet for faglærte montørar er stort. Men mangelen på fagfolk medfører også at det er stor konkurranse om fagfolka. Dei blir kjøpt opp med tilbod om høgare løn av konkurrentar. Lønsnivået i bransjen er difor høgt. Så har du tatt fagprøve og fått fagbrev er du sterkt ettertrakta og blir lett snappa opp. Det er ei tverrfagleg utdanning, og dei kan få mange typar jobbar.

Oddmund Iversen ser fram til å kunne ta inn lærlingar lokalt igjen.

– Det er utruleg positivt at utdanninga er tilbake. Får vi lærlingar frå Slåtthaug, er det bra. Det er ikkje greit at vi må hente lærlingar frå andre stader i landet. No vil vi vente til det første kullet frå Slåtthaug går ut neste år, før vi tek inn nye lærlingar. Vi har behov både for lærlingar og ferdig utdanna fagfolk.

Mentor og god oppfølging

Regionleiarane seier at dei følgjer lærlingane godt opp og vil ha god kontakt med utdanninga på Slåtthaug.

– Elevane som tek utdanninga, vil vi tilby praksis hos oss. Vi vil også ta med oss grupper av elevane ut på anlegg som vi skal installere. Alle lærlingar hos oss får ein mentor og god oppfølging, seier regionleiar Oddmund Iversen. Totalt i regionen er det 40 firma i kuldemontørbransjen.

Ta utdanning som kuldemontør

1. mars er fristen for å søke opptak på vg2 kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk ved Slåtthaug videregående skole.

Søk opptak