Enøk-senteret driv i dag rådgjeving innan effektiv energibruk, energileiing, energimerking og miljøfyrtårn. Hovudkontoret er i Ørsta med avdelingskontor i Ålesund. Omsetninga i 2015 var på kr 11,8 mill. kr.

Styrkar satsinga på energi og miljø
Nordplan ønskjer gjennom overtakinga å styrke seg ytterlegare innanfor energi- og miljøområdet, og overtakinga av Enøk-senteret inngår såleis som eit viktig verkemiddel for å nå strategiske mål som Nordplan arbeider mot.

- Både fagleg og forretningsmessig er energisektoren eit interessant område å arbeide innanfor. Skal Noreg nå dei ambisiøse klimamåla som er fastsett må det gjerast mange tiltak innanfor energiområdet, og dette vil vi vere med på. Byggjebransjen vil møte eit stadig auka fokus på energibruk i framtida, med tilsvarande krav til dei som skal planleggje og prosjektere nybygg og rehabilitering av eksisterande bygningsmasse, seier Arne Steinsvik, dagleg leiar i Nordplan.

Reindyrkar kjerneverksemda
Enøk-senteret har dei siste åra vore heileigd dotterselskap i Tussakonsernet. Konsernsjef i Tussa, Elling Dybdal, opplyser at bakgrunnen for salet er ulikskap i satsingsområde og vidare reindyrking av kjerneverksemda til konsernet. Tussa har i dag satsingsområda sine tett knytt til utbygging av infrastruktur for elektrisitet og kommunikasjon. Dette er kraftproduksjon – og distribusjon, utbygging av breiband og entreprenørtenester for å byggje, drifte og vedlikehalde denne infrastrukturen inn i kundane sine bygningar.

- Nordplan vil kunne utvikle Enøk-senteret betre enn det Tussa er i stand til. Samstundes får Tussa konsentrere sitt fokus på sine hovudsatsingsområde, seier Dybdal.

Sterkare fotfeste på søre Sunnmøre
Enøk-senteret si plassering i Ørsta er også viktig for Nordplan med tanke på å få eit sterkare fotfeste på søre Sunnmøre for tradisjonelle tenester. Nordplan har i dag om lag 50 tilsette som arbeider innanfor arkitektur, konstruksjon, prosjektadministrasjon, takst, plan og landskap, samferdsel og VA.

Hovudkontoret er på Nordfjordeid og avdelingskontor i Ålesund, Førde og Vågå. Nordplan er frå før hovudeigar i Fjordvarme AS på Nordfjordeid. Etter oppkjøpet av Enøk-senteret vil selskapet ha 10 til 12 energirådgjevarar tilgjengelege.

Enøk-senteret har i dag 6 tilsette, og kundegrunnlaget er over heile Noreg. Viktige kundar er industribedrifter, Ulstein verft, Amfi-kjeda med 79 kjøpesenter, Sibelco Norge, Asko lager Norge, Marine Harvest, offentleg sektor, Brunvoll og Tenden Transport.